Flisemeister Farsund

Finn alltid ei løysing: Leif Odde Farsund kan alt om flis og er eit kjent namn i bransjen. Når nokon er i beit, veit dei kven dei kan kontakte. Farsund Flis får telefonar fra heile landet.

– Det er ikkje alltid kundane får det dei aller helst vil ha, meiner Leif Odd Farsund. Etter å ha jobba i faget i 40 år og selt tusenvis av pallar med flis, veit han kva han snakkar om.

Han har opplevd det mange gonger – kundar som kjem i butikken, og har forelska seg i eit flisedesign som dei verkeleg vil ha, utan å tenkje på om det er praktisk. Dei fleste lyttar til gode råd, dei som ikkje gjer, det vil kunne komme til å angre.

– Det fornuftige må trumfe design. Det nyttar ikkje å velge ei heilt spesiell flis dersom du ikkje greier å halde det reint. Overflatene må vere fornuftige, seier Leif Odde Farsund.

I familien

Foreldra hans starta Farsund Bygg i eit lite bygg, teikna av Connie Henden, på Sanderplassen i Førde i 1955. Leif Odde traska i hælane deira frå 5-6 års alderen. Som 18-åring, etter millitæret, byrja han å jobbe i bedrifta og vart verande. I 1980 stod nybygget ferdig med stor butikk, der held Montér til i dag. Farsund Flis vart skilt ut som eige firma i 2013, og for snart fire år sidan flytta dei inn i eigne lokale, 100 meter bort i gata. I nyebutikken, på Sanderplassen 10, er det stort og romsleg showroom med flisar i alskens fargar og kvalitetar frå matte, glaserte, blanke og røffe, til veggar og golv, inne og ute.

– Vi kan skaffe kva det skulle vere, sjølv om spesialbestillingar har lenger leveringstid og fort blir dyrt. Kunsten er å ta inn dei rette tinga til lager. Eg kjøper som regel inn det eg likar sjølv, og det eg trur kundane våre likar, fortel Farsund.

Han eig selskapet i lag med dei to brørne sine, Frode og Tore.

Stiller opp: Gjengen på Farsund Flis strekkjer seg langt for at kundane skal bli fornøgde. F.v: Mariann Flo, Leif Odde Farsund og Ole Henrik Gulliksen. Stikk gjerne innom butikken på Sanderplassen, her får du god hjelp. Foto: John Kenneth Aase

Rekordomsetning

Han trivst som «herre i eige hus», saman med to andre tilsette, Mariann Flo og Ole Henrik Gulliksen.

– Eg brukar å seie at Mariann er god på alt eg ikkje er god på. Ole Henrik på lageret har jobba som flisleggjar i mange år og er ein dyktig fagmann, seier Leif Odde.

I fjor hadde Farsund Flis rekordomsetning, på 15 millionar kroner.

– Vi meiner dette må vere bra for ei bedrift med tre tilsette. Her er det alltid «vi» – både når nokon har ein kjempehandel, eller om det blir gjort ein tabbe. Det tenkjer eg er viktig, seier sjefen.

Måtte overtalast

I utgangspunktet var han ikkje så interessert i å drive med flis, tidleg på 1980-talet vart han likevel lokka til å prøve.

– I starten hadde vi kun ei lita utstilling med flis, og så «balla det på seg». Vi var første forhandlar i Førde med rikhaldig fliselager. Det vart etterkvart så stort at vi måtte leige eit eige lager, minnest Farsund. Dei har framleis rikeleg med flis på lager, noko som ikkje er heilt i tråd med rådande tankegang elles i bransjen.

Stort utval: Farsund Flis går mot straumen og har eit rikt utval av flis på lager, det er noko kundane veit å setje pris på.

Vart hekta

Leif Odde kan ikkje heilt gjere greie for korleis interessa for flis starta, truleg har det ein klar samanheng med kjærleiken han har utvikla for Italia – menneska, maten og kulturen der, og ikkje minst italiensk design.

– Eg vart hekta etter at eg var med til Italia på ei messe. Det er ei spesiell familiekjensle i bransjen – både i Noreg og i Italia. Ein stor fordel vi har er at vi handlar direkte med fabrikkane, noko som betyr at vi får det siste nye lenge før konkurrentane våre. Om vi lurer på noko, kan vi sende spørsmål rett til fabrikken og få svar på minuttet!

– Leif Odde har ei genuin interesse for flis, det er babyen hans. Han er ein kapasitet eg trur alle i bransjen kjenner til, og har ein nettverk som gjer han unik. Når nokon står fast, kontaktar dei Leif Odde. Om det er noko vi ikkje har, så skaffar han det, seier kollega Mariann Flo. Ho fortel at sjefen sel med hjartet og er lidenskapeleg oppteken av å levere skikkelege varer og service til kundane.

– Han snakkar nesten ikkje om anna enn flis, det surrar i hovudet hans heile tida. Det går i flis, fotball – og Italia sjølvsagt, seier Mariann og ler.

Best på design

Det har vorte langt over 50 turar til Italia for Leif Odde gjennom åra, både privat og for å plukke flis på messer.

– Vi handlar med både Spania, Tyrkia og Tyskland, men italienarane er «top notch» på design. Både når det gjeld bilar, sko, klede – og flis. Motehus som Versace har til dømes sin eigen kolleksjon av flis. Det er så utruleg mykje flott å sjå berre ved å vandre rundt i byar som Roma, Venezia og Bologna, seier Farsund.

Folk reiser stadig meir, kan stadig meir og vil ha det siste nye, det krev at Farsund Flis som faghandel legg seg i selen for å vere oppdatert.

– Vi har merka ei stor endring dei siste åra. Kundane kan mykje og vi må kunne trendane. Eg har opplevd å vere på messe og fått info om heilt nye varer, og i dèt eg kjem heim,

kjem spørsmåla etter dette siste nye frå kundar. Det gjeld å henge med, om kundane skal ha tillit til oss må vi kunne svare, seier Farsund.

Kvalitet: Farsund Flis er fersk forhandlar av Haven bad. – Dette er et svensk design av beste merke, fortel Leif Odde. I butikken på Sanderplassen i Førde finn du flis i alle prisklassar, på bildet til høgre viser han fram noko av det mest eksklusive.

Viktig funksjon

Han tenkjer at det er viktig for Førde å ta vare på dei gode fagbutikkane.

– Kundane kjem til oss fordi dei veit at vi kan produkta vi sel. Det er skummelt om vi blir sitjande igjen kun med kjedebutikkane, meiner Farsund.

Han handlar inn flis frå ca 20 fabrikkar, og frå 8-10 på fast basis, men minst 50 prosent av varene blir kjøpt inn frå italienske Casalgrande Padana.

– Vi har vore direkteimportørar av Casalgrande sidan 1988. Dei er store aktørar og har godt sortement, både til private kundar og til større prosjekt.

Leif Odde har knytt sterke band til leiarar og tilsette på fabrikken. Før haustmessa i Bologna tek til, får han privat omvising med gjennomgang av alle nyheitene som vil bli presenterte.

– Gjennom alle desse åra med tett samarbeid har eg fått mange gode vener i Italia, vi besøker kvarandre og har det utruleg kjekt i lag. Det er ikkje lenge sidan vi hadde ein gjeng italienarar på besøk, då inviterte eg dei heim på kanelbollar, noko dei sette stor pris på, fortel Leif Odde.

Langt frå pensjonist

Han har hovudet fullt av planer for nye turar og reiseruter til Italia, hotell han vil bu på og restaurantar som skal testast – når kona Line blir pensjonist.

– Kva med deg sjølv, tenkjer du på å pensjonere deg?

– Håh, nei!! Skal du drive forretning kan du ikkje gå med tankar om å trappe ned, seier 65-åringen som stort sett er å finne på kontoret kvar einaste kveld.

HEI HP

Sel med hjartet: Leif Odde Farsund har 40 års fartstid i bransjen og er mannen å snakke med når du er på jakt etter flis. Han er lidenskapeleg opptatt av å finne løysingar kundane blir fornøgde med. Er det noko Farsund Flis ikkje har på lager, så skaffar han det.

Tekst og foto: Liv Grimsbø / Liv Laga Media