Kvifor velge flis?

I dag nyttast kerarmiske flis på golv og vegg i våte og tørre rom så vel som på utvendige flater. Keramiske flis gjev fuktbestandige overflater med stor slitestyrke, og kan gje god motstandsevne mot dei fleste kjemikalie, avhengig av fugemassa. Overflate med keramiske flis kan med dette tilfredsstille strenge hygieniske og estetiske krav, og dei er ubrennbare. Er veldig godt egna på stadar med hard påkjenning.

Å investere i flis er noko man ikkje kjem til å angre på.

Keramisk flis er slitesterke, misfarges ikkje og har tette overflater som er enkle å halde reine.

Flis og fugemasse vil halde seg som nye over lang tid ved valg av gode fugemasser og gode reingjeringsprodukt tilpassa flis. Her tilbyr vi produkt fra Laticrete, Atlas og Fila. Så riktig prosjektert og utført arbeid gjev lang levetid.

Flis er også veldig tidlaust og forringast ikkje ved bruk.

Det er ei god investering å velge fliser til sine ulike bruksområde, det er estestisk, praktisk og varig. Utvalet er stort i størrelsar, overflate og utsjånad som gjer det enkelt å oppnå sitt eige særpreg på dei arealer man ønske flislegge.

Vi har også eit rikt utval av mosaikk med ulike overflater og former i butikken. Glas, naturstein og porselen som er godt egna til bruk på kjøkken mellom benk og overskap så vel som til baderom, vaskerom og andre stadar.

Det vil kome meir informasjon etterkvart om overflater, sklisikring, vannopptak.

Golv- og veggfliser

Å kjøpe flis kan vere ei overveldande oppleving. Prisane variere, produsentene snakkar om vannoppsug, slitestyrke og frostbestandighet. Kva skal vi egentlig sjå etter når vi kjøpe flis?

Det finnast eit hav av variantar, med ulike bruksområde og det er ikkje lett å orientere seg om kva som er best for ditt bruk. Vi hos Farsund Flis vil hjelpe deg med å finne fram i alt dette og besvare de spørsmål du måtte ha innan dette fagfeltet samt bistå deg i prosessen med valg og samansetning av fargar og interiør.

Ofte er det slik at høg pris også betyr god kvalitet. Korleis flisane produserast saman med alt arbeidet som gjerast med flisa, er det som prisar den.

Tenk over kva type slitasje flisane vil verte utsatt for. Flisar på eit soverom, kor man stort sett ferdast i sokkar eller barbeint, får jo som regel ei snillare behandling enn flisar i gang som utsettast for skitne og grusete støvlar.

Dei sterkaste flisane kan benyttast til alle formål. Invester heller i ei flis som er for sterk enn en som er for svak, eksempelvis for å unngå riper.

Golvflis kan brukast på vegg, men veggflis kan ikkje brukast på golv. Derfor, sett deg og tenk på kor mykje slitasje rommet kjem til å utsettast for før du går til innkjøp av flis. Eit anna eksempel er om du mistar noko tungt i golvet på kjøkkenet, då er det veldig kjedelig om man har valgt flis som tek lett skade av slik behandling.

Våtrom og varmekablar

Så og sei all flis kan nyttast over varmekablar. Men ikkje all flis kan brukast til våtrom grunna evna til vannoppsug. Til vegg kan man bruke fliser med høgare vannoppsug, medan det til golv anbefalast flis med mindre eller LITE vannoppsug. Vi skal kome med meir informasjon og fakta om dette etterkvart.

Sklisikkerhet er også viktig å tenke på. Polerte flis blir glatte når golvet er vått, og det kan er lurt å vurdere ei riktig tilpassa overflate til golvflisene på badet – retta mot dine behov.